Hva motiverte deg til å stille som kandidat i kommunevalget, og hva er dine hovedmål som kandidat?
For meg er det viktig å vere engasjert i lokalsamfunnet, og eg brenn for Sunnfjord skal lykkast med den tida vi går inn i. Det er eit privilegium å kunne vere med å forme den utviklinga, og det er mitt mål at eg skal kunne vere med å gjere dei naudsynte endringane på ein måte som sikra tryggleik, moglegheiter og fellesskap for alle. Og er spesielt oppteken at vi skal lukkast for dei svakaste i samfunnet, samt dei som ikkje har dei same føresetnadane som folk flest.
Hvilke konkrete utfordringer i din kommune vil du prioritere å løse hvis du blir valgt?
Den største oppgåva er å sikre at vi lykkast med å gje dei eldre og andre med omsorgsbehov den omsorgen dei fortener. Då må vi, mellom anna, sjå til å bygge fleire institusjonsplassar samt omsorgsbustadar. Den andre store oppgåva er å sjå til at vi framleis held det høge nivået på skulene og barnehagane våre. Då må vi, mellom anna, sørgje for det blir betre kompetanse og bemanning i desse tenestene. Det tredje er å sjå til at vi får fleire av dei som står utanfor arbeidsmarknaden inn i arbeid. Det er bra for inkludering i samfunnet samt sosial utjamning. Det fjerde er å sørge for at vi får utnytta potensialet som ligg i den frivillige sektoren betre.
Hvordan vil du arbeide for å forbedre kommunens infrastruktur og tjenester?
Dette er krevjande. Vi må sørge for at vi får ein struktur på infrastrukturen som gjer at vi nyttar mindre pengar på drift og vedlikehald slik at vi har meir igjen til tenestene i kommunen.
Hva er din visjon for utdanningssystemet i din kommune, og hvordan vil du jobbe for å oppnå den? Her må vi bli endå flinkare på tidleg innsats til dei som treng det samt at vi auke kompetanse til dei som jobbar der.
Hvordan vil du håndtere spørsmål knyttet til miljø og bærekraft i din kommune?
Dei to største utfordringane framover er prosessen med å «dekarbonifisere» samfunnet og kunstig intelligens. Desse to vil ha enorm påverking på miljø og sosial utvikling i samfunnet. Når det gjelder miljø og berekraft vil dette vere med å prege ramma for alt vi gjer og må vere med i all planlegging og drift. For Arbeidarpartiet er det viktig å vere miljøvenlege, kutte klimagassutslepp, prioritere effektiv energibruk og byggje på ein klimavenleg måte! Vi må bremse klimaendringane, ha gode planar for klimatilpassing og verne verdfull natur, matjord og artsmangfald. Kommunane har ansvar for mange oppgåver som påverkar miljø og klima. Døme er tilrettelegging av infrastruktur som vegar, bustadfelt, reint vatn og renovasjon.
Kan du gi eksempler på tidligere erfaringer eller prosjekter som kvalifiserer deg til å være en effektiv kommunepolitiker?
Eg har lang erfaring som leiar i forskjellege delar av statsapparatet samt ei erfaring frå andre samfunn som har stått i store utfordingar. Eg har vore i Forsvaret i mange år samt jobba som diplomat i Utanrikstenesta. Eg har jobba i land som Makedonia, Kosovo, Sudan, Irak, Jordan og Afghanistan. Dette har gitt meg bred erfaring for korleis handtere både små og store utfordringar, samt medgang når ein lykkast.
Hvordan ser du for deg å samarbeide med andre politiske partier og interessenter for å oppnå dine mål?
Skal ein få til endring og utvikling er det svært viktig å få med so mange som mogleg. Vi er interessert i å jobbe med alle parti og grupper for å få framgang, vekst og utvikling i Sunnfjord.
Hva er din visjon for lokal økonomisk utvikling, og hvordan planlegger du å fremme det?
Økonomisk vekst og nye arbeidsplassar skal skapast gjennom gjennom eit anstendig arbeidsliv. Sunnfjord Ap vil arbeide mot sosial dumping og arbeidskriminalitet. Dette er ein svært viktig føresetnad for god samfunnsutvikling. I tillegg må vi sørge for at vi evna å ta inn dei som står utanfor arbeidslivet slik at dei kan ta del i samfunnet og skape si eiga framtid for seg og sine. Dette er ein kjempestor ressurs vi no er for dårleg til å utnytta. Sunnfjord kommune skal stå fram som ein næringsintensiv kommune og eit naturleg førsteval for nyetableringar og utvikling av eksisterande næring. Auka attraktivitet, tilgang på arbeidskraft og konkurransedyktig infrastruktur er dei viktigaste føresetnadane for framtidig investeringsvilje. Det grøne skiftet vil utgjere ein sentral del av utviklinga av det lokale næringsliv. Bio-økonomi og sirkulærøkonomi representerer store mogelegheiter for både næringsutvikling og gjenvinning av material og råvarer. Sunnfjord Ap meiner at Sunnfjord kommune må samarbeide med relevante kompetansemiljø for å skape næringsutvikling og arbeidsplassar innan bio-økonomi og sirkulærøkonomi. Eit framtidsretta og miljøvenleg næringsliv er ein føresetnad for høg sysselsetting og verdiskaping. Nystarta verksemder og grunderar må møte velvilje og krav som er rimelege. Sunnfjord Ap vil støtte opp om Sunnfjord Utvikling som nærings- og tiltaksapparat for Sunnfjord Kommune. Sunnfjord Ap vil støtte opp om arbeidet for næringsutvikling, etablering av klynge-miljø og for at Sunnfjord kommune skal bli en god plass for fjernjobbing.
Hvordan vil du engasjere deg med og lytte til dine velgere for å forstå deres behov og bekymringer?
Det viktigaste er å jobbe aktivt med å komme i kontakt med innbyggjarane. Både gjennom dei etablerte strukturane som folkemøte etc og gjennom aktivt utadretta verksemd. Mellom anna, har eg sjølv prøvd aktivt å komme i kontakt og engasjere ulike miljø gjennom til dømes å ta kontakt med moskeen i Førde og bruke kontaktar som tek vidare initiativ ut mot grupper som sjølv ikkje tek aktivt kontakt. Men her kan heile det politiske liv i Sunnfjord bli betre.
Hva er din strategi for å øke deltakelsen og engasjementet til borgerne i din kommune i politiske beslutningsprosesser?
Skape fleire møtepunkt mellom innbyggjarane og det politiske liv gjennom tilrettelegging og lågterkseltiltak som kulturkveldar og liknande. Vi som politikarar må vere meir aktivt ute blant folk, og treffe dei der dei er.
Hvordan vil du håndtere økonomiske utfordringer og budsjettkutt i kommunen, samtidig som du opprettholder viktige tjenester?
Vi må planlegge godt for framtida. Vi må ha ein infrastruktur som er billeg i drift, men som legg til rette for dei naudsynte behova som er i kommunen. Samstundes må vi fokusere på vekst og utvikling slik at kommunen klarer å auke inntektene Klarer vi dette vil vi kunne ha gode tenester med høg kvalitet som igjen vil skape vekst.
Hvordan ser du for deg å håndtere spørsmål knyttet til helse- og sosialomsorg i Sunnfjord kommune?
Her må vi nytte store deler av investeringsbudsjettet framover for å auke kapasiteten innan omsorgsbustadar og institusjonsplassar. Samstundes må vi få fleire med kompetanse til å jobbe i helse- og omsorgssektoren slik at vi kan levere god omsorg gjennom kompetente tilsette. Her har vi mykje å hente, mellom anna, gjennom å få fleire inn i arbeidsmarknaden. Då må vi fokusere på å tilby kompetanseheving til fleire, og spesielt dei utanfor arbeidsmarknaden i dag.
Kan du beskrive din tilnærming til inkluderende politikk og hvordan du vil jobbe for å representere mangfoldet i Sunnfjord kommune?
Eg vil jobbe knallhardt for å få auke deltakinga frå mangfaldet i kommunen gjennom dialog og tilrettelagte møteplassar og arena for dialog. Her vil eg vere proaktiv og søke kontakt. Kommunen kan òg bli flinkare til å markere viktige hende for fleire grupper og invitere desse inn i den politiske dialogen. Mangfaldet vårt er ein undervurdert ressurs, og representera framtida vår. Eg ynskjer at Sunnfjord skal vere ein plass folk vil komme til og bli verande. Vi skal vere kjent som ein plass som har oppveksttenester som gjer våre barn betre rusta til å lukkast og der foreldra har gode, trygge jobbar.
Hvordan planlegger du å kommunisere med innbyggerne om din politikk og fremgangen du oppnår?
Her vil det vere viktig å nytte fleire kanalar enn kva som tradisjonelt har vore nytta. Mellom anna gjennom sosiale medium, nettstadar som din, og samtalar med innbyggjarane.
Til slutt, hva er ditt syn på den større nasjonale politikken, og hvordan vil dette påvirke din rolle som kommunepolitiker?
Kanskje den største endringa som vil påverke oss er den endra makroøkonomiske situasjonen. Noreg går igjennom ei enorm omstilling som vil gjere at vi vil ha lågare vekst nasjonalt i åra framover. Dette vil òg påverke kommuneøkonomien.